Vi, Solveig og John Bjarne, skal gifte oss!

På denne sida vil vi legge ut informasjon om diverse i høve bryllupet vårt.

søndag 28. mars 2010

Tusen takk!

Vi vil nytte dette innlegget til å takke alle hjarteleg for all god deltaking og hjelp med bryllaupet vårt i går. Vi hadde ein strålande dag! Tusen takk!

Maten var fortreffeleg, talene flotte, underhaldninga kjekk, toastmasterane dyktige, sangstemmene på plass, serveringa god, gåvene mange, nyttige og vakre, oppryddinga nydeleg og i det heile teke hadde vi ein super fest! Tusen takk!

Dette vart absolutt ein verdig start på eit lukkeleg ekteskap! Tusen takk!

mandag 8. mars 2010

Andre innslag?

Dei har toastmasterane våre eit hovudansvar for. Songar skal inn til meg, som vist i tidlegare innlegg, men talar, leikar og andre underhaldningsinnslag skal meldast til toastmasterane, slik at dei kan lage til eit godt oppsett for ein flott fest!

Vi har vore heldige og fått Gro og Arvid Anthun som toastmasterar. Det gler vi oss over!

Kontaktinformasjonen deira er

  • e-post: arvid.anthun@enivest.net
  • mobilnummer til Gro: 95868160
  • mobilnummer til Arvid: 97014633

søndag 7. mars 2010

Songar i songhefte

JA, vi vil sjunge!

Eg og John Bjarne er glade i å synge, og vil gjerne dele denne gleda i løpet av bryllaupsdagen vår. Vi er i ferd med å sette saman eit songhefte, og dersom du har ein song du vil ha inn i dette, anten sjølvdikta eller sjølvutplukka, så ta kontakt!

Songar som skal vere med i heftet må vere meg i hende på e-post; shwarvik@gmail.com eller i posten; Kråkenes, 6800 Førde før tysdag 23. mars.

Vi håpar på mange kjekke innslag:)

torsdag 18. februar 2010

Overnatting

Då var det på tide med ei lita oppdatering når det gjeld overnattingstilbod. 

I Førde er det hovudsakleg 3 plassar ein kan skaffe seg losji.

Først ute er Førde Camping og Gjestehus som tilbyd både rom og hytter. Campingen ligg litt utanfor sentrum, men det er ein del butikkar i gangavstand. Fordel med bil til vigsla og festen etterpå. 

Kontaktinfo:
Tlf : 46 80 60 00 eller på mail: post@fordecamping.no
De kan også få meir info på heimesida deira http://www.fordecamping.no/, her kan de òg bestille rom eller hytte.

Sunnfjord Hotell er sentral i Førde Sentrum og i gangavstand (ca. 7 min) til både kyrkja og kyrkjetunet (som då ligg nett ved sia av kyrkja ;-) merkeleg nok)
Reknar med at dette er ei litt dyrare løysing, men minkar behovet for transport rundt omkring. Hotellet ligg rett ved sida av busstasjonen, så det blir minimalt med sleping av bagasje.

Kontaktinfo: 
Tlf: 57 83 40 00 eller på mail: rica.sunnfjord.hotel@rica.noNettside: http://www.rica.no/Hoteller/Rica-Sunnfjord-Hotel/

Til slutt har me Førde Quality Hotell. Det ligg i sentrum, men i feil ende. Bil er derfor å føretrekke til transport.

Kontaktinfo:
Tlf: 57 82 14 11 eller mail: q.forde@choice.no
Nettside (søk etter Førde): http://www.choicehotels.no/hotels/qualityhome

onsdag 3. februar 2010

Ønskeliste

Bryllaup er stort, og mykje skal planleggast. Ein del av den er å sette opp ønskeliste, noko vi no har gjort. Vi har laga til liste på nett: http://www.bryllupslisten.no/.

For å få tilgang til ønskelista må de gå til denne sida og trykke på knappen "Gjester" til venstre i biletet. Då kjem de til ei side der det blir spurt etter gjestepassord. Det er "mangetakk". Skriv det inn, og trykk send, så kjem lista vår opp. Der har vi skrive ein del av det vi ønskjer oss, og det kan komme meir etter kvart.

Om de bestemmer dykk for å kjøpe noko av det som står på lista, er det fint om de tek kontakt med ein Christiania Glasmagasin-butikk og seier frå om dette. På denne måten kan dei få registrere handelen i lista, slik at det blir synleg kva som er kjøpt og at vi ikkje får meir av ein ting enn det vi har ønska oss:)

Dersom det er nokre spørsmål til dette, kan de spørje i ein kommentar til dette innlegget.

lørdag 23. januar 2010

Velkommen til bryllupsbloggen vår!

Her vil vi etter kvart legge ut informasjon om bryllupet vårt og opplegget rundt.