Vi, Solveig og John Bjarne, skal gifte oss!

På denne sida vil vi legge ut informasjon om diverse i høve bryllupet vårt.

søndag 28. mars 2010

Tusen takk!

Vi vil nytte dette innlegget til å takke alle hjarteleg for all god deltaking og hjelp med bryllaupet vårt i går. Vi hadde ein strålande dag! Tusen takk!

Maten var fortreffeleg, talene flotte, underhaldninga kjekk, toastmasterane dyktige, sangstemmene på plass, serveringa god, gåvene mange, nyttige og vakre, oppryddinga nydeleg og i det heile teke hadde vi ein super fest! Tusen takk!

Dette vart absolutt ein verdig start på eit lukkeleg ekteskap! Tusen takk!

mandag 8. mars 2010

Andre innslag?

Dei har toastmasterane våre eit hovudansvar for. Songar skal inn til meg, som vist i tidlegare innlegg, men talar, leikar og andre underhaldningsinnslag skal meldast til toastmasterane, slik at dei kan lage til eit godt oppsett for ein flott fest!

Vi har vore heldige og fått Gro og Arvid Anthun som toastmasterar. Det gler vi oss over!

Kontaktinformasjonen deira er

  • e-post: arvid.anthun@enivest.net
  • mobilnummer til Gro: 95868160
  • mobilnummer til Arvid: 97014633

søndag 7. mars 2010

Songar i songhefte

JA, vi vil sjunge!

Eg og John Bjarne er glade i å synge, og vil gjerne dele denne gleda i løpet av bryllaupsdagen vår. Vi er i ferd med å sette saman eit songhefte, og dersom du har ein song du vil ha inn i dette, anten sjølvdikta eller sjølvutplukka, så ta kontakt!

Songar som skal vere med i heftet må vere meg i hende på e-post; shwarvik@gmail.com eller i posten; Kråkenes, 6800 Førde før tysdag 23. mars.

Vi håpar på mange kjekke innslag:)