Vi, Solveig og John Bjarne, skal gifte oss!

På denne sida vil vi legge ut informasjon om diverse i høve bryllupet vårt.

onsdag 3. februar 2010

Ønskeliste

Bryllaup er stort, og mykje skal planleggast. Ein del av den er å sette opp ønskeliste, noko vi no har gjort. Vi har laga til liste på nett: http://www.bryllupslisten.no/.

For å få tilgang til ønskelista må de gå til denne sida og trykke på knappen "Gjester" til venstre i biletet. Då kjem de til ei side der det blir spurt etter gjestepassord. Det er "mangetakk". Skriv det inn, og trykk send, så kjem lista vår opp. Der har vi skrive ein del av det vi ønskjer oss, og det kan komme meir etter kvart.

Om de bestemmer dykk for å kjøpe noko av det som står på lista, er det fint om de tek kontakt med ein Christiania Glasmagasin-butikk og seier frå om dette. På denne måten kan dei få registrere handelen i lista, slik at det blir synleg kva som er kjøpt og at vi ikkje får meir av ein ting enn det vi har ønska oss:)

Dersom det er nokre spørsmål til dette, kan de spørje i ein kommentar til dette innlegget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar